Offshorereiar Kristian Siem vert verftseigar når Siem Industries no overtek eit stort tysk verft, skriv Nett.no.

Verftet som vert overteke er Flensburger Schiffbau-Gesellschaft (FSG) i Flensburg i Tyskland.

Selskapet fortel i ei pressemelding at Siem Industries vil overta ansvaret for heile verftet og alle arbeidarane.

Siem har bygd mange av dei 145 skipa sine i Noreg, mellom anna ved Kleven i Ulsteinvik. No forventar den tyske leiinga at Siem vil byggje fleire skip ved sitt eige verft i Tyskland.

– Dette utgjer ein stor sjanse for oss, både for verftet og dei tilsette, seier FSG-direktørane Peter Sierk og Frank Bywater i pressemeldinga.

Dei ser spesielt for seg store moglegheiter innanfor offshoremarknaden.

– Siem Industrier er eit suksessrikt, globalt retta og finansielt sterkt familieeigd selskap. Det gir oss – Flensburger Shiffbau-Gesellschaft – høve å halde fram med den suksessrike satsinga vår inn mot den globale offshoremarknaden.

Siem Offshore har alt to skip under bygging ved verftet. Det er to brønnintervensjonsskip, to kontraktar som vart flagga i februar i år.

Det tyske verftet har ei 143-årig historie, og har gjennom desse åra selt, utvikla og bygd over 760 fartøy. Dei siste åra har verftet satsa meir mot offshoremarknaden og har vunne kontraktar for bygging av seismikkfartøy, brønnintervensjonsfartøy og andre spesialfartøy.

Det vert ikkje opplyst kor mykje Siem Industries betaler for verftet, men handelen er omfatta av visse vilkår, og er forventa fullført i slutten av oktober