– Media, og spesielt vestlandsavisene, har laga eit skremmebilete av situasjonen i oljenæringane, meiner forskar Atle Blomgren.

Forskaren meiner media har gitt ei skeiv framstilling av situasjonen i oljebransjen fordi dei baserer saker på intervju med klubbleiarar i større bedrifter som planlegg å redusere arbeidsstokken, skriv Nett.no.

Blomgren arbeider ved forskingsstiftinga IRIS, tidlegare Rogalandsforskning, som blant anna lagar analyser av oljebransjen for bransjeorganisasjonen Norsk Olje og Gass. Han avviser at bransjen går mot eit krakk.

– Det har ikkje skjedd noko fundamentalt, anna enn at Statoil skal effektivisere og spare pengar, og at andre oljeselskap også effektiviserer. Men prosjekt har ikkje forsvunne, seier Atle Blomgren til Nett.no.

Han peikar blant anna på at den komande utbygginga av det store oljefeltet Johan Sverdrup vest for Stavanger. Den utbygginga er så stor at ho vil løfte oljeinvesteringane på nytt, trur forskaren.