– Dette er ein skikkeleg gladdag, smilte konsernsjef Ståle Rasmussen i kantina på Kleven Verft fredag føremiddag. Kantina var fylt opp med arbeidarar som fekk kake. Det er tradisjon på Kleven for å feire kvar ny kontrakt med kake. I sommar vart det signert ein kontrakt utan at det vart kakefest, så konsernsjefen bad dei frammøtte ete dobbelt så mykje. – Ein må ikkje ta det som ei sjølvfølgje at kontraktane kjem, sa Rasmussen til Vikebladet Vestposten.

Rasmussen veit at marknaden er tøff, så han blir ikkje blasert av alle kontraktane verftet får. Den nye storkontrakten betyr mykje for mange arbeidsplassar og for lokalsamfunnet. Kleven rekrutterer ein del ungdomar, og endå fleire treng dei. Det er viktig for rekrutteringa at ungdomane får vere med på dette og ser at verftet har framtida føre seg og at det er ein spennande arbeidsplass å vere på.

Arbeid til 2018

Kontrakten er inngått med Maersk Supply Service om bygging av seks ankerhandteringsfartøy. Kontrakten inneheld også opsjonar på ytterlegare fire fartøy. Dei 95 meter lange fartøya er av SALT 200 AHTS-design frå Salt Ship Design, og skal byggjast både ved Kleven Verft og Myklebust Verft.

– Eg er stolt og glad over at Maersk, som er eit av verdas største reiarlag, valde Noreg og Kleven når dei skulle fornye ankerhandteringsflåten sin. Det viser klart og tydeleg at vi er konkurransedyktige internasjonalt når det gjeld pris, lever-ingstid og ikkje minst kvalitet, og det er ei stor anerkjenning av våre tilsette på verfta og det arbeidet dei legg ned kvar dag, seier Rasmussen og legg til  at  kontrakten var svært viktig for dei, vunnen i det som for tida er ein ekstremt krevjande marknad. – Om alle opsjonane vert innfridde, vil denne kontrakten gje arbeid for verfta våre heilt fram til 2018, og det er fantastisk å ha ein så lang horisont for våre tilsette, slår Rasmussen fast.

Dei første seks fartøya skal leverast frå siste kvartal 2016 til tredje kvartal 2017. Mange norske utstyrsleverandørar er inkluderte i prosjektet, noko som gjev store og positive lokale ringverknader.

Etter kakefesten på Kleven drog konsernsjefen vidare til kakefest på Myklebust Verft.