– Vi kjempa i mange år for å få på plass dette bygget. For to og eit halvt år sidan var det ein realitet, og vi har ikkje sett oss tilbake sidan, seier varehussjef Vidar Ulstein.

Han seier han hugsar tilbake til 1995, då disponenten for Coop Vest fortalde han at i år 2000 skulle det kome eit nytt varehus på Saunes.

– Det tok litt lengre tid enn vi hadde håpa, seier Ulstein spøkjefullt.

Ulstein har heile vegen vore initiativtakar for å få på plass eit nytt, større og meir universalt tilpassa varehus.

– I 2008 fekk eg nyss i at ein skulle byrje å skyte ut mykje steinmasse på Kleven. Det var akkurat det vi hadde behov for, slik at vi kunne fylle ut sjøen der det nye bygget var tiltenkt.

Vidar kontakta disponenten igjen, og han blei invitert til styremøte på Sandane.

– Eg drog derifrå med ei godkjenning av prosjektet, noko eg sjølvsagt var veldig glad for.

Diskusjonen om å bytte konsept frå det minste konseptet Coop Byggmix til det mellomstore konseptet Coop Extra Bygg melde seg raskt.

– Det var ting som krav til storleik på regionen, folketal og liknande som måtte reknast med. Med Ulstein, Hareid, Herøy og Sande kom vi fram til ein region som var stor nok, og slik gjekk det til at vi i dag er Coop Extra Bygg, seier Ulstein.

– Satsa til rett tid

Vidar Ulstein meiner valet om å bygge og opne nytt varehus i byrjinga av 2012 og skifte konsept blei gjort på eit godt tidspunkt.

– Vi satsa til heilt rett tid. Regionen var klar for eit slikt lavpriskonsept, og vi var før eventuelle konkurrentar med å etablere oss i eit større varehus. At vi gjorde ei rett avgjersle viste seg allereie etter det fyrste heile driftsåret. Då hadde vi ein omsetningsauke på 43 prosent i forhold til då vi var Coop Byggmix. Til no i år, det andre heile driftsåret, ligg vi allereie 15 prosent framføre fjoråret. Eg trur vi kan seie oss svært nøgde med den transformasjonen som blei gjort, seier ein særs nøgd varehussjef til slutt.