- Det har eigentleg gått over all forventing. No satsar vi på full fres vidare, også på kvardagane, seier Harald Skarbø.

Skarbø har tidlegare drive fiskebutikk i Ålesund. No vil han mette ulsteinvikarar med delikatessar, husmannskost, gatekjøkkenmat og svart traktekaffi.

- Eg meiner vi har ein god idé og eit godt konsept. Så får det vere opp til kundane å døme oss, seier Skarbø med eit smil.

Matkroken var open til klokka tre natt til søndag, og såg ut til å trekke til seg ein jamn straum av nysgjerrige kundar. Etestaden har komt på plass der Snorre Sjømat heldt til tidlegare.

- Her vil vi tilby bestseljarane til Kysten Rundt, men også noko eige, seier kokken.

- God mat og kjekke folk

Evie Sandanger og barnebarnet Olivia Sandanger hadde tatt turen den fyrste opningsdagen for å prøve maten på Matkroken.

- Eg har fått eit veldig bra inntrykk av staden. Dei tilsette er venlege, flinke og kjekke folk. Barnebarnet mitt Olivia ser også ut til å trivast her, seier Evie med eit smil.

Olivia fekk ein spesiallaga baguett, noko bestemor sette stor pris på.

- Det er ikkje alt ho kan ete, så det at dei smurde ein spesiallaga baguett til ho var veldig kjekt, seier Evie Sandanger til slutt.