Nyleg vart den utsleppsfrie ferja ZeroCat 120 heidra med den prestisjetunge prisen «Ship of the year 2014», som fagbladet Skipsrevyen står bak. Nyskapinga var avgjerande for at reiarlaget Norled og verftet Fjellstrand fekk prisen. Sebastan har leia det såkalla FMEA-arbeidet på fartøyet. FMEA er ein metodikk for å kartlegge moglege feil som kan oppstå på utstyret og prosessane om bord i ferja. Dermed kan ein førebyggje, hindre eller redusere konsekvensane av feila, skriv Sebastian AS i ei pressemelding.

Torsdag 23. oktober blir den nye batteridrivne ferja til Norled døypt – og får namnet «Ampere». Ho er den første i verda i sitt slag. Ulsteinselskapet Sebastian AS har spelt ei sentral rolle med omsyn til driftstryggleiken til fartøyet. Rolls-Royce har mellom anna bidratt med tilpassa azipull-thrusterar.

– I arbeidet med dette fartøyet har «alle» vore opptekne med innovasjonen, medan vi har hatt merksemda retta mot eventuelle feil som kan oppstå på grunn av dei nye løysingane, fortel dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy i Sebastian i pressemeldinga.

Skal gå over Sognefjorden

Den nye ferja skal etter planen inn i drift for Norled på ferjesambandet Lavik-Oppedal over Sognefjorden. Ferja skal setjast inn frå 1. januar 2015.

– Det mest spesielle med dette oppdraget er at ferja blir driven av batteri. Vårt arbeid har konsentrert seg om tre viktige system: styringssystem for batteria (Battery Management System), energistyringssystem (Energy Management System), Thrusterstyringssystem (Thruster Remote Control). Vi sjekkar redundans og feiltoleranse. Om ein feil oppstår, skal ferja likevel kunne halde fram, forklarer prosjektleiar Oddvar Hjertaker i Sebastian.

Ferja har kapasitet til 120 bilar og 360 passasjerar, og vil operere med ein fart på om lag 10 knop. Ferjekaiene blir bygde om. Kvar kai får ein ladestasjon. Ferja bruker ikkje motorkraft i det ho legg til. I staden syg vakuumfortøyinga fartøyet på plass. I det ho klappar til kai, koplar ladesystemet på land seg automatisk på. I løpet av ti minutt ved kai blir batteria om bord lada opp. Ferja bruker 20 minutt over fjorden. Det betyr at det tek 50 minutt til ho er tilbake på same staden. I mellomtida har batteria i land blitt lada opp igjen og kan levere «hurtigstraum» til batteria om bord.

Tilpassa azipull-thrusterar

Rolls-Royce har bidratt i utviklinga av ferja med tilpassa azipull-thrusterar – i tillegg til rådgiving innan skrogdesign og hydrodynamikk basert på avanserte analysar. For å oppnå god energieffektivitet har systemet frå Rolls-Royce låg rotasjonsfart på propellen, lange blad med lågt areal og ein slank thrusterkropp. Fartøyet har ein thruster i kvar ende av det eine katamaranskroget. Azipull 085-thrusterane er dei første med propell som kan justerast til seglestilling. Det betyr at dei fire propellblada på den fremre azipull-thrusteren (som ikkje er i bruk under fart), blir justert til ein vinkel som gir minimal motstand frå vasstraumen. Batteriteknologien og dei elektriske systema er levert av Siemens.

Prosjektleiar Oddvar Hjertaker i Sebastian AS her ved sida av batteriferja «Ampere» som skal døypast 23. oktober.