Selskapet Polargodt vil byggje eit komplett selmottak i Tjørvåg i Herøy. Der blir det både garveri og oljeraffineri.

– Selnæringa er avhengig av at kvaliteten vert auka i alle ledd. Vi gjer no vårt for at vi skal ha eit godt landanlegg, faktisk det einaste i Noreg og det tredje i verda, seier Arnfinn Karlsen i Polargodt til nett.no.

Halvere, ikkje fjerne statsstøtta

I framlegget til statsbudsjett legg regjeringa opp til å fjerne dei 12 millionar kronene som har gått til støtte av norsk selfangst. Arnfinn Karlsen trur dette vert endra.

– Det vert heilt feil å fjerne denne støtta fullt og heilt. Derimot må vi få til eit system der selfangstnæringa vert mindre avhengig av statsstøtte.

Karlsen har sjølv hatt møte med departementet om saka.

– I dag får selfangstnæringa 80 prosent i subsidiar frå staten. Denne delen bør gradvis reduserast til 50 prosent. Dette vil føre til meir kreativitet og utvikling av nye produkt. I tillegg må vi få eit system som gjer at det vert jakta på seltypar som det er lett å omsetje, meiner Karlsen.

Nettsal av selskinn

Sjølv har han i mange år satsa hardt på polarolje som kosttilskot og mot leddplager. No tek verksemda nye steg for å utvikle produktet. Tidleg neste år skal det nye raffineriet vere ferdig, ei investering på rundt 1,5 million kroner.

– Vi har gode oljetankar i dag, men ved hjelp av raffineriet vil vi også kunne fjerne eventuelle miljøgifter og ta vekk smak.

I tillegg er ein i ferd med å byggje eit komplett garveri. Sjølve spekkeriet vart bygt i 1999, men no skal ein også garve skinna sjølve. Målet er å kunne garve rundt 100 skinn om dagen. Skinna skal dei selje på nettet.