Både ved Kleven Verft og Myklebust Verft er aktiviteten bra for tida. Dei siste månadene har likevel Kleven-konsernet kunne annonsere nye, spanande kontraktar, i ei svært tøff tid for olje- og skipsindustrien.

– Det at vi har klart å sikre oss såpass mange ordrar i ein så tøff marknad vitnar om godt arbeid og ei solid tru på at vi kan få det til om vi vil, seier salsdirektør i Kleven, Arve Holstad.

Det har den siste tida vore mykje skriverier i rikspressa om den såkalla oljekrisa, og nedskjeringar og nedbemanning innanfor olje- og energisektoren. Det betyr også at verfta som bygger båtar til denne industrien vil få merke konsekvensane av den nedgangen ein no opplever.

– Vi såg ganske tidleg at dette kunne kome. Vi var nøydde til å sjå til andre land og deira behov, når våre eigne ikkje var like store lenger, seier Holstad.

Storkontrakt og diamantar

I juni inngjekk Kleven kontrakt med det Malaysia-baserte joint venture-selskapet IES Pioneer Ltd om bygging av eit multifunksjonsfartøy. Kleven fekk også i hamn ei kontrakt med det leiande diamantutvinning-selskapet De Beers sin marinedivisjon for berre nokre dagar sidan, om bygging av eit fartøy for utvinning av mineral, og då fyrst og fremst diamantar, under vatn.

– Skipet, som blir spekka med spesialutstyr, skal drive gruvedrift på havbotn. Noko vi synast er veldig spanande. Det blir eit heilt unikt skip, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

Ingenting Kleven har i ordreboka dei neste åra kan derimot måle seg mot nyheita dei kunne presentere halvvegs inn i oktober. Ei storkontrakt med Maersk.

– Det er eit av dei største reiarlaga i verda. Det er eit selskap med over 100.000 tilsette på verdsbasis, så Maersk er ein gigantisk kunde. Våre metodar, spesielt ved bygging av ankerhandteringsskip, er så utvikla, at det frå Maersk si side ikkje var tvil om at vi skulle få bygge desse båtane. Dette er noko vi har jobba lenge med å få i stand, og vi gler oss veldig til oppgåva, seier Holstad.

For Maersk skal Kleven bygge seks båtar av SALT 200 AHTS-design, frå Salt Ship Design. Dei 95 meter lange fartøya skal byggjast både ved Kleven Verft og Myklebust Verft.

– Betyr mykje for regionen

Ei nyheit som saman med dei andre ordrane ikkje berre medfører klingande mynt i kassa for verftskonsernet, men som også vil gi fleire tusen menneske i regionen arbeid i mange år framover. Det vil bety mykje for området, spesielt med tanke på dei tøffe tidene som ventar.

– Slik som det ser ut no har vi arbeid halvvegs inn i 2017, altså nesten tre år fram i tid. Med opsjonane som også ligg i kontrakten, for bygging av eventuelt fleire skip, har vi arbeid fram til våren 2018, seier salsdirektør Holstad.

– Det er klart desse siste kontraktane er svært viktige for oss i Kleven, men dei er uendeleg viktige for skogen av underleverandørar som leverer ulike tenester og produkt til oss. Tenk kor mykje folk desse kontraktane gir jobb til, fleire år framover i tid, seier Ellen Kvalsund. Arve Holstad er hjartans einig.

– For kvar arbeidsplass som er sikra her ved verftet dei neste åra er minimum fem arbeidsplassar i regionen også sikra. Med ei ordrereserve som svarar til 3.500 årsverk her i Kleven, vil det seie 17-18.000 årsverk i regionen, som per no er sikra arbeid fram til tredje kvartal 2017. Det er dette som er viktigast for oss, ikkje kor mykje pengar vi tener som konsern.

Må jobbe hardt

Sjølv om ordreboka ser god og full ut, er kapasiteten langt ifrå sprengd.

– Vi jobbar kontinuerleg med å få i stand nye kontraktar. Vi har god kapasitet ved verfta våre, mykje på grunn av måten vi bygger båtane våre på, seier Arve Holstad.

Sidan 2005 har Kleven levert over 70 båtar. Dette gir eit snitt på 7–8 båtar i året. For at det framleis skal vere slik, meiner salsdirektøren Kleven må halde fram det gode arbeidet.

– For å sitere konsernsjef Ståle (Rasmussen), så må vi stå opp tidleg om morgonen, kvar dag, for å henge med. Vi må jobbe hardt, og endå hardare no som marknaden er tøffare, og konkurransen frå utlandet er større.

Ordrebok Kleven:

Levering Rederi   Båt

  • Nov. 2014  Remøy Shipping   Rem Eir

  • Feb.2015   Volstad Marine        TBN*

  • Mar.2015   Eidesvik Viking Neptun

  • Mar.2015   GC Rieber Polar Empress

  • Mar.2015   Olympic Shipping Olympic TBN*

  • Apr.2015    Rem Offshore Rem TBN*

  • Mai.2015    Volstad Marine TBN*

  • Jun.2015   Felham Ulysses

  • Jun.2015   Olympic Shipping Olympic TBN*

  • Sep.2015    IES Pioneer Ltd TBN*

  • Feb.2016    Østensjø Rederi TBN*

  • Jun.2016 De Beers MN TBN*

  • Okt.2016 Maersk TBN*

  • Des.2016 Maersk TBN*

  • Feb.2017 Maersk TBN*

  • Apr.2017 Maersk TBN*

  • Jun.2017 Maersk TBN*

  • Aug.2017 Maersk TBN*

  • *TBN=(To be named/skal få namn)

Kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund og salsdirektør Arve Holstad i Kleven er særs nøgde med ei ordrebok på 18 fartøy fram til tredje kvartal 2017, med ein samla verdi på om lag 12 milliardar kroner.