I ei pressemelding frå Ulstein Group går det fram at reiarlaget Golden Energy Offshore i Ålesund har gått inn i ei driftsavtale for to plattform forsyningsskip med PX121-design som Ulstein verft er i ferd med å byggje for Blue Ship Invest. Det er ikkje lenge til bygg 305 og 306 frå Ulstein verft skal vere klare, og levering er venta i løpet av første kvartal i 2015.

Ulstein Group skriv i pressemeldinga at PX121-designet har vorte svært attraktivt sidan det første skipet vart sett i arbeid i 2012. No er det 30 skip av denne typen som er kontraherte av ulike reiarlag for bygging på verft forskjellige stadar i verda.

I pressemeldinga skriv Ulstein av mannskapa på dei leverte skipa gir særs gode attendemeldingar, mellom anna som følgje av komforten om bord, og skipa si evne til å halde oppe operasjonell drift sjølv i dårleg vêr.

- I Golden Energy Offshore har vi alle driftsfunksjonar innanfor selskapet, og vi ser fram til å samarbeide med Blue Ship Invest, seier konsernsjef Per Ivar Fagervoll i Golden Energy Offshore.