Det er bonden som produserer maten som står på borda våre til frukost, middag og til kveldsmaten. For at bonden skal kunne vere i stand til dette, så lyt han ha litt ferie og fritid innimellom, og ei tryggleik for at nokon andre steller dyr og gard om han eller ho vert sjuk. Då treng bonden ein dyktig avløysar. Difor er avløysaren, landbruksvikaren ein nøkkelperson i landbruket rundt ikring i bygdene våre.

Jan Pål Fugledal, tilsett i Landbruk Nordvest som landbruksvikar i kommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid, vart årets avløysar i Møre og Romsdal. Det skjedde i samband med Norske Landbrukstenester si årlege haustsamling på Hell ved Stjørdal sist veke.

- Kvart fylke gjennomfører på førehand ei kåring av årets avløysar. Han eller ho, med fylgje vert så invitert med på haustsamlinga og gjort litt stas på under festmiddagen på kvelden, forklarer Morten Feiring ved Landbruk Nordvest

Her er litt av grunngjevinga for at han fekk prisen i år, med eit sitat frå ein av medlemane i Landbruk Nordvest:

«Eg  har ved fleire høve dei siste åra hatt Jan Pål Fugledal i arbeid hos meg som avløysar. Han er ein sers allsidig kar med gode kunnskapar om mykje , og som dermed kan setjast til nær sagt alt slags arbeid. Han er påliteleg , svært presis og alltid i godt humør. Fugledal har eit godt lag med dyr og steller dei alltid godt. Eg vil derfor så sterkt eg kan anbefale han som årets avløysar.»