Sidan 1995 har Havyard Ship Technology sitt verft i Leirvik i Sogn levert sju isbrytande offshore-farty, og er dermed mellom dei verfta i verda som har levert flest bygg av denne typen.

Havyard Ship Technology har no skrive kontraktar med eit internasjonalt reiarlag om design og bygging av endå to isbrytande offshore-fartøy.

I november i fjor skreiv Havyard Ship Technology kontrakt på eit isbrytande offshore-farty av typen Havyard 843 Ice. Eit internasjonalt reiarlag har no kontrahert to farty av samme type, med nokre mindre designendringar. Den eine kontrakten er signert med eit visst atterhald frå Havyard sis isden. Skipa er designa ved Havyard Design og Solutions i Fosnavåg og skal altså byggast ved Havyard Ship Technologys sitt verft i Leirvik. Skipa skal leverat fjerde kvartal 2016 og kontrakten har ein verdi på over ein milliard kroner.

Saman med dei sju isbrytande offshorfartya som verftet i Leirvik har levert, utgjer dei tre skipa som er ordre ein tredjedel av alle isbrytarane Det Norske Veritas har klassifisert av denne typen verda over. Dei to siste isbrytarane Havyard leverte, var til russiske reiarar i 2006.

- Dei gode referansane våre betyr mykje nå vi snakkar med kundar som er på jakt etter skip i denne klassen, seier Kenneth Pettersen, leiar av forretningsområdet Havyard Ship Technology.

- Alle skipstyper har sine særdrag og utfordringar, held Pettersen fram.

- Det at vi har bygd så mange farty av denne typen frå før, gjer at kunden kan vere trygg på at vi veit kva vi held på med og at dei får det dei forventar. Skal vi lukkas t med å levere gode skip, må vi ha god kontroll både på design og byggeprosess, samstundes som vi har eit eit godt samarbeid med reiarane gjennom heile prosessen, seier Kenneth Pettersen.

Havyard har jobba inn mot reiarar som opererer i arktiske strok i årevis og selskapet har god tru på at dette er eit felt der det vil opne seg enda fleire forretningsområde i framtida.