Men situasjonen er ikkje lik for alle. Det er først og fremst dei tre store konserna Verftsgruppa Vard i Ålesund, Klevenkonsernet i Ulstein og Sande og Ulstein Verft som har sikra seg flest kontraktar, skriv Aftenposten.

Ordreboka til Vard og Kleven åleine er på 32 milliardar kroner, skriv avisa. Til samanlikna er den samla ordrereserven til norske verft er på 36, 7 milliardar kroner fordelt på 67 skip.

Dei fleste nye kontaktane omfattar fartøy til offshorenæringa. For verft som byggjer andre skip er situasjonen ein heilt annan.

– Det er rå priskonkurranse i marknaden, og kontraktar om bygging av andre typar fartøy – som ferjer og fiskefartøy – går no til verft i Spania, Polen og Tyrkia, seier administrerande direktør Rolf Fiskerstrand ved Fiskerstrand Verft i Sula.

Han fryktar at mangfaldet ved norske verft er i ferd med å bli borte og får støtte av bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.