I 34 år har Liv Haram Abbou selt eksklusive klede til kvinner i Ulsteinvik og regionen elles. Neste år rundar ho 65 år, og tanken er at ho skal drive butikken ut juni 2015. I dagens avis annonserer ho etter interessentar som kan tenke seg å kjøpe den godt innarbeidde butikken.

Til neste sommar

– Sjølv om eg har tenkt å drive fram til neste sommar, er det viktig at dei som eventuelt skal ta over får vere med på innkjøpa som skal gjerast for hausten 2015. Messene startar alt i januar/februar, forklarer ho.

Til ein eventuell kjøpar tilbyr Liv seg å vere med på messer, slik at ho kan introdusere den nye eigaren for leverandørane ho har hatt. Viss det er av interesse.

Det er altså 35 år sidan Liv Haram Abbou opna Elle Boutique i Ulsteinvik. Ho hadde budd eit år i London og tre år i Paris, og kom tilbake til Ulsteinvik full av entusiasme og idear om korleis ein motebutikk burde vere.

Teksta på ei av dei første annonsane var det forresten den franske ektemannen til Liv, Richard Abbou, som forfatta. «Elle Boutique, din korteste veg til Paris», slo godt an.

For 35 år sidan var ikkje utvalet av kvinnekle så stort i Ulsteinvik, og folk kom frå heile regionen for å handle. Det gjer dei forresten enno. Elle Boutique har faste kundar som kjem langvegs for å sikre seg klassiske damekle, med ein litt sporty stil. Den første tida hadde ho berre franske varar i butikken. Men etter kvart kom det til både danske, tyske og italienske klede, fortel ho.

Må vere interesserte i menneske

Liv synest dei 34 åra som butikkdrivar har gått rasande fort, og hadde ho vore ung i dag, så ville ho ha starta på nytt att.

– Eg har brukt lang tid på å bestemme meg for å selje, for det er ei stor glede å drive butikken. Eg synest det er kjekt å hjelpe folk til å kle dei opp i plagg som dei føler seg vel i, og her er mange kjekke kundar. Det er også kjekt å møte det pulserande livet på messer i Frankrike, Berlin og København. Samvær med kollegaer og leverandørar gir fine impulsar. Sjølv har ho drive butikken åleine, men meiner det kan gå bra dersom to driv han i lag også.

– Det viktigaste er at dei som skal drive butikken er entusiastiske, interesserte i mote – og ikkje minst i menneske, seier Liv Haram Abbou.