Onsdag vart det første av to P128 design frå Ulstein sjøsett ved det kinesiske verftet som byggjer PSV'ane for Kuma Shipping, eit selskap som held til i Hong Kong.

- Dette er eit design som kombinerer lavt drivstoff-forbruk med høg bærekapasitet til ein attraktiv pris, sa Ove Dimmen i Ulstein Design og Solutions då Kumo Shipping bestilte dei to fartøya.

P128-designet er ein mindre type PSV som skal kunne støtte plattformer og lekterar, og ifølgje Ulstein sine nettsider skal dei vere eit meir økonomisk val enn tradisjonelle offshore support fartøy.