Tradisjonen tru vel dei tilsette i Island Offshore å gi vidare julegåva si til ein veldedig organisasjon, og i år fall valet på Kreftforeninga. I dag, torsdag 18. desember, var aksjonsleiar Petter Spolèn på plass i Ulsteinvik for å ta i mot gåva om bord i offshorefartøyet Island Constructor.

400.000,- kroner skal altså få ny eigar, og i samband med valet av organisasjon ytra fleire tilsette ynskje om at gåva skulle nyttast til kreftforsking. I samråd med Kreftforeninga vart det difor bestemt at pengane skal gå uavkorta til kreftforsking gjennom «Krafttak mot kreft»-aksjonen som startar 1. januar 2015.

- Ved å velge å gi til kampanjer som «Krafttak mot kreft» er dei tilsette i Island Offshore garantert at kvar ei einaste krone er øyremerka kreftforsking. Her går det ingenting vekk i administrasjon og tilsvarande utgifter, fortel aksjonsleiar Petter Spolèn.

Dagens og framtidas kreftbehandling

Kreftbehandlinga har kome langt dei siste førti åra; diagnosemetoder og behandlingsmoglegheiter har blitt fleire og betre, og to av tre kreftpasientar er i live fem år etter å ha fått diagnosen. Den auka overlevelsen er ikkje derimot ikkje utan kostnad; behandlinga har vorte meir avansert og betre, men i mange tilfelle også tøffare. Nokon får også meir enn dei treng for å bli friske - berre for sikkerheits skuld. Kreftforeninga meiner tida er inne for å tilpasse behandlinga betre slik at kvar enkelt pasient får den behandlinga dei treng, når dei treng den, verken meir eller mindre. Difor satsar dei no på meir forsking innan dette området, og her kjem pengane frå Island Offshore godt med:

- Dette er heilt fabelaktig! Kreftforeninga får det meste av sine inntekter gjennom gåver og aksjonar fra privatpersonar og bedrifter. Difor er gåva frå dei tilsette i Island Offshore så viktig for oss, og vi set stor pris på engasjementet deira for kreftsaka. Tusen, tusen takk, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeninga.

Framtidas kreftbehandling er basert på korleis genene i svulsten hjå kvar pasient er sett saman. Medan behandlinga fram til i dag har vore selektert i forhold til kva organ svulsten veks i, vil det med dei nye medisinane vere genene som er skyld i svulsten, som er mest interessante. Same genfeil kan gi kreft i ulike organ, og svulstar i same organ kan ha heilt ulike genfeil, og dermed kreve ulik behandling.

- Det gjer godt å kunne dele av godene våre med ein organisasjon som Kreftforeninga. Dei gjer ein fantastisk innsats for å auke livskvaliteten til dei som er råka av kreft og familiane deira, og ikkje minst bidreg dei med å finansiere ein stor del av kreftforskinga i Noreg. Dette kjem oss alle til gode! Vi håper med dette å kunne bidra til at fleire får glede seg over livet i mange år framover, seier representant for dei tilsette OIM/kaptein på Island Constructor Asgeir Vidnes.