- Vi slutta med å gi dei tilsette firma-julegåver for tre år sidan, fortel adm. dir. i Hareid Group, Ronald Dyrhol.

– Sidan har vi berre gitt julegåver til gode formål, og i år passa det godt å gi ei julegåve til redningsskøyta ”Idar Ulstein”. – Det er eit svært viktig tiltak, slår han fast.

Dei 50.000 kronene frå Hareid Group kjem godt med i den fullfinansierings-stafetten som distriktssjefen for Møre og Romsdal, Bertil Holen, no er ute på. Stafettpinnen, som han hadde med seg under gåveoverrekkinga i Hareid Group sitt administrasjonsbygg i Hareidsmyrane torsdag, symboliserer at mange deltek i dette oppdraget.

Bertil Holen kunne opplyse at RS ”Idar Ulstein” blir overlevert i august komande år. Skøyta vil ligge fast i Fosnavåg. Der skal også mannskapet på tre bu. Det nye – i samanlikning med den andre redningsskøyta - RS ”Emma Dyvi” – er at mannskapet på RS ”Idar Ulstein” skal bu på land, i umiddelbar nærleik til skøyta. Redningsselskapet jobbar for tida med å skaffe til veges denne bustaden.

RS "Idar Ulstein" er ei av tre nye redningsskøyter som blir bygde ved Swede Ship i Sør-Sverige. Dei to andre skal stasjonerast i Moss og på Hvaler.

Dei nye skøytene blir 22 meter lange og blir bygde i aluminium. To motorar på 1220 kw kvar, i kombinasjon med vassjet-anlegg, gir skøytene ei toppfart på 38 knop og ei slepekraft på 12 tonn.

Skøyta kostar totalt 38 millionar kroner. Ulstein-familien har lagt grunnlaget for finansieringa ved å donere 22 mill.

Bildetekst: