Administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping ASA er godt nøgd med fjoråret:

– Vi hadde tidenes høgste flåteutnytting, tidenes høgste driftsresultat, tidenes høgste inntekter og ei kontraktsdekning for 2015 og 2016 som gjer at det ikkje er usannsynleg at kostnadane våre allereie er dekte. Det at vi har klart å etablere eit nivå på kontraktsdekninga som gjer at vi kan sjå 2015 og 2016 rimeleg lyst i møte, er særskilt gledeleg i desse tøffe tidene for bransjen, understrekar Njål Sævik.

Alle piler peikte oppover for Havila Shipping ASA i 2014. Driftsresultatet enda på 870 millionar kroner, 159 millionar høgare enn i 2013. Inntektene auka med 232 millionar til 1,69 milliard kroner, flåteutnyttinga var på 94,5 prosent og kontraktsdekninga for 2014, 2015 og 2016 er rekordhøg, melder selskapet i ei pressemelding.

Lagt vekt på lønsemd

Det 11 år gamle offshorereiarlaget har dei siste åra produsert stadig betre resultat. Etter ein kraftig vekst i talet på skip frå 2008 til og med 2012, har selskapet dei siste to åra lagt svært stor vekt på å forbetre lønsemda.

2013 vart eit rekordår resultatmessig. 2014 vart enda mykje betre.

Med ein gjennomsnittsalder på Havila-flåten på litt over seks år, er dette ein av dei nyaste flåtane mellom dei større reiarlaga i Norge. Flåteverdiane er berekna til 8,3 milliardar kroner. I høve til lånebelastninga er verdiane omtrent 2,3 milliardar kroner.

Det einaste negative å peike på er et urealisert valutatap i fjerde kvartal. Dette påverkar årsresultatet negativt for 2014, men i og med at dette tapet er urealisert så reknar dei det som sannsynleg at en god del av det vil komme tilbake kanskje allereie i 2015, heiter det i pressemeldinga.

Trur på betre tider for oljebransjen

Som en lang rekke andre selskap i oljerelatert industri, har heller ikkje Havila Shipping ASA funne rom for utbytte for 2014.

– Vi har stor tru på at oljebransjen vil sjå betre tider framover. Kor lang tid det tek vil eg ikkje gjette på. Men det gledar meg at Havila Shipping er så godt rusta til å møte turbulensen, understrekar administrerande direktør Njål Sævik.

I 2014 teikna reiarlaget nye kontraktar for 1,5 milliardar kroner. I 2013 sette selskapet rekord med 3 milliardar kroner i nye kontraktar.