Konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group hadde tidlegare denne veka eit møte med Vanylven kommune der dei diskuterte den vidare framtida til industriområdet på Fiskåholmen i Vanylven.

Ulstein Verft kunngjorde tidlegare denne månaden at dei vil avslutte all produksjon ved avdelinga i Vanylven kommune. Årsaka var at kostnadane vart for høge ved å oppretthalde avdelinga som sysselsette 28 personar.

Spørsmålet er no kva Ulstein Group ønskjer å gjere med området. Det er Ulstein Group som eig området, medan bygningsmassen er eit sameige mellom Ulstein og Vanylven kommune. Området vart omregulert til industriområde så seint som i 2010.

Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, fortel til avisa Synste Møre at dei hadde ein gjennomgang av situasjonen.

- Gunvor Ulstein var klar på at det ikkje er aktuelt å ta opp att produksjonen ved avdelinga slik situasjonen er no. Men ho var ikkje avvisande til at konsernet kan medverke til ein alternativ aktivitet på Fiskåholmen dersom dette skulle syne seg å vere mogleg, seier Helgøy til avisa.

Kor vidt dette er aktivitet som vil skje i regi av Ulstein Group vil ikkje Helgøy svare på.

- Det er det for tidleg å seie noko om. Det viktigaste er at vi har etablert ei positiv kontakt og er inne i ein konstruktiv dialog, seier ordføraren.