Førebels viser rekneskapstala for 2014 eit svært solid årsresultat for Sparebanken Møre. Etter skatt utgjer resultatet 623 millionar kroner, ei auke på 38,4 prosent frå året før. Utlånsveksten var på 5,7 prosent i forhold til året før, og innskotsveksten på 1,1 prosent.

– I ein marknad med sterk konkurranse og låge marginar, er dette eit resultat vi er særs nøgde med, og som stadfestar vår posisjon som nummer éin bank i Møre og Romsdal, seier administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand i ei pressemelding.

Den slutninga trekkjer også banksjefane ved avdelingane på Hareidlandet.

– Vi er svært stolte over resultatet. Banken har ein soliditet og ein kredittrating som gjer at vi kan tilby gode tenester til kundane våre. Vi driv kostnadseffektivt, og vi har korte kommunikasjonsvegar mellom dei ulike avdelingane, seier Nina Holm Sundgot (banksjef Ulsteinvik) og Melinda Skeide (banksjef Hareid).

Les meir om det gode året til Sparebanken Møre i laurdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.