Gjennom Søre Sunnmøre Matmanifest ønskjer initiativtakarane å fremje matmangfald og matglede i regionen.

Prosjektet er i ein oppstartsfase, men har tydelege visjonar, ifølgje ei orientering frå initiativtakar Magne Larsen. Tanken bak manifestet er mellom anna å stimulere til lokalmatproduksjon og halde ved like lokale tradisjonar. Ein ønskjer òg ein effektiv distribusjon til lokale forbrukarar og verksemder.

Søre Sunnmøre Matmanifest er knytt opp til det som heiter «Det nordiske matmanifestet», og vil ifølgje orienteringa hente kunnskap og inspirasjon derfrå.

Dei sju kommunane på Søre Sunnmøre, fylkesordføraren og fylkesmannen i Møre og Romsdal er alle invitert til å delta i matmanifestet. Hareid kommune har allereie takka ja til å bli med.