Inne i bryggerilokalet til Grim & Gryt på ytre Hareid er det tilsynelatande ein del som står att før alt er klart for brygging. Det er store stålkar i ein ende av lokalet, flaskemaskin, etikettmaskin og nokre pallar med råvarer i andre.

Men Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad forsikrar om at fullskala ølproduksjon er nærare enn den kan sjå ut ved første augekast.

– Det er ikkje så mykje som står att. Litt elektroarbeid og ferdigstilling av dei to siste tankane, fortel Andreas Grimstad.

Stor interesse

– Vi satsar på øl til påske, fortel Øyvind Grimstad Gryt og legg til at interessa for det økologiske handverksølet karane står bak har skapt stor interesse.

– Vi har vore rundt på ein del butikkar på regionalt nivå, og det har knapt vore nei å få. Det er også mange hotell, utestader og restaurantar som viser interesse, seier han.

Øyvind fortel at sjølv om interessa for det økologiske bryggeriet har spreidd seg til heile landet, så vil Grim & Gryt vere lokalbryggeriet for ytre Sunnmøre.

– Den lokale basen er alfa og omega. Det var her vi byrja, seier Øyvind.

Andreas og Øyvind fortel at bryggeriet vil starte med tre ølsortar, Fish and Ships, 6060 og ei brown ale, alle med butikkstyrke.

– Den siste har vi ikkje spikra namnet på, fortel Andreas Grimstad.

Ølbryggarane fortel at det blir lagt ned mykje arbeid for å verte klare, og at både kveldar og helgar går med til hjartebarnet.

– Frå etter vinterferien går eg inn i 80 prosent i bryggeriet, og berre ein dag i veka i læraryrket. Det blir ganske mykje etter kvart, fortel Grimstad Gryt.

4000 liter

Dei to karane ventar framleis på å få klart noko utstyr før dei har eit komplett bryggeri, mellom anna ein varmtvasstank som skal romme om lag 2000 liter.

– Når vi kjem om morgonen så skal det stå klart 2000 liter. No har vi eit kokekar, men det kostar å køyre det. Det krev mykje elektrisitet, forklarer Andreas.

Når alt utstyret er kome i hus, alle maskiner og tankar er monterte og karane er klare til å verkeleg sette i gang med ølproduksjon, så er det ikkje småtteri Øyvind og Andreas har å arbeide med.

– Systemet er eit 2000-liters system, men gjæringstanken han er 4800 liter. Når vi får i gang varmtvasstanken så kan vi køyre to skift og brygge to batchar på ein dag. Då snakkar vi mengde.

Grim & Gryt har også ein lukka gjeringstank. Øyvind fortel at det er ein fordel når bryggeriet skal lage øl som er humledominerte.

– Då klarar ein å behalde meir av aromaene i brygget.

Trippar etter å kome i gang

Når det no nærmar seg fullskala ølproduksjon på Hareid handlar mykje om å få fram dei rette smakane og god nok kvalitet på ølet.

– Der er eg ikkje bekymra. Vi har laga godt øl i mange år, på eit veldig primitivt system, fortel Øyvind.

Han legg til at det blir litt nytt å lære seg, sidan overgangen blir frå 50- til eit 2000-liters system.

– Vi må finne ut kor effektivt det er og kva småjusteringar som må gjerast.

No står bryggjarane omtrent berre og trippar etter å kome skikkeleg i gang.

– Det verkar det som om mange andre gjer også, slår dei fast.

Oppstarten av ølproduksjon på Hareid vil truleg føre med seg meir arbeid for karane enn å berre tappe øl på flasker. Øyvind Grimstad Gryt fortel at det allereie har meldt seg bedrifter og turistgrupper for omvisning i bryggeriet når alt er klart, og no i februar skal Grim & Gryt kombinere med Tingvollost for lokal ost og ølaften på Storfjord Hotel.