Noreg vil slite økonomisk dette året, trur eit fleirtal i ei fersk undersøking.

Samtidig seier eit fleirtal i Finans Norges forventningsbarometer at dei ser lyst på utsiktene når det gjeld sin eigen privatøkonomi.

Men alt i alt har pessimismen blant norske hushald ikkje vore større sidan finanskrisa i 2008.

Delen som ser mørkt på dei økonomiske utsiktene for nasjonen det kommande året, har auka frå to av ti i fjor haust til fire av ti no. Delen optimistar har sokke frå to av ti til 16 prosent.

– Det store fallet i oljeprisane har openbert gjort sterkt inntrykk på folk, seier administrerande direktør Idar Kreutzer i Finans Norge