Både økonomar, partane i arbeidslivet og hushalda justerer ned forventningane sine til lønnsoppgjeret i år.

Det viser Norges Banks forventningsundersøking for første kvartal. Ho er utført av Epinion.

I første kvartal er forventningane økonomane har til årslønnsveksten for 2015 på 2,9 prosent, ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå førre kvartal. Blant partane i arbeidslivet er utviklinga identisk.

Næringslivsleiarar forventar i første kvartal ein lønnsvekst i eiga bedrift på 2,6 prosent i inneverande år, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng.

Forventa lønns- og pensjonsutvikling blant hushalda er på 2,1 prosent, ein nedgang på 0,2 prosentpoeng.

Ein klart svekt kronekurs har fått mykje merksemd den siste tida. Ifølgje forventningsbarometeret trur to tredelar av økonomane at krona vil vere styrkt om eitt år. Det er ein klart større del enn i førre kvartal. Berre 5,2 prosent av økonomane trur på svekt kronekurs. Éin av fire trur på uendra kurs.

Forventningane til prisstiginga om eitt år varierer mykje mellom partane i arbeidslivet, som ligg lågast med 2,2 prosent, og hushalda, som trur prisane vil stige med 2,7 prosent.

Barometeret viser at det i første kvartal i år er 26,6 prosent av næringslivsleiarane som forventar å ha fleire tilsette om tolv månader. 25,3 prosent forventar færre tilsette.