Den gamle lagerhallen til Tussa Nett har vorte til eit av dei største og mest avanserte datasentera i Noreg.

Gjennom fleire dører og gangar, forbi garasjen og gjennom eit par gangar til, og så er du der. Det nye datasenteret ligg godt skjult inne i den gamle lagerhallen til Tussa Nett i Tussa-tunet i Hovdebygda, men kan levere lagring og IKT-tenester til verksemder over heile verda.

– Vi kan ikkje seie hundre prosent sikkert at dette er det største, men det er iallfall eit av dei største datasentera mellom Trondheim og Bergen. Det næraste tilsvarande senteret ligg i Luster i Sogn, seier administrerande direktør Ivar Driveklepp i Tussa IKT.

Kan levere til kven som helst

Inne i «kubane», som dei kallar det, skjuler det seg nemleg maskiner som kan levere IT-tenester til så store bedrifter som helst, kvar som helst.

– Vi får kanskje litt problem om dei ringer frå Google og vil lagre hos oss, men vi får tru dei har sine eigne serverar, seier Driveklepp.

Bakgrunnen for investeringa var at dei gamle serverromma i Ørsta og Dragsund vart altfor små, og at Tussa ikkje hadde kapasitet til å handtere nye, store kundar.

– Med dette senteret kan vi det, og vi har også gode moglegheiter til å utvide når behovet kjem.

Her snakkar vi nemleg om verken giga- eller terrabyte.  Lagringskapasiteten i det nye serverrommet er på petabyte-nivå. For ordens skuld, så er 1 terabyte=1.000 gigabyte og 1 petabyte=1.000 terabyte.

Skal fungere, uansett

Øyvind Lislevatn er prosjektleiar for datahallen, og forklarer til Møre-Nytt at her er alt lagt til rette for at serverane skal gå, uansett.

– Vi har minst dobbelt sett av alt. Vi har dobbel straumforsyning, dobbel kjøling. Serverane skal også gå om straumen forsvinn i Ørsta. Då har vi backup i form av dieselaggregat og batteri, seier Lislevatn.

– Det skal ikkje skje at dette anlegget sluttar å fungere, uansett kva som skjer. Det kan brenne i 90 minutt utanfor, og datasenteret vil framleis fungere. Det kan stå 40 centimeter med vatn utfor døra, og datasenteret vil framleis fungere, seier Driveklepp.

Om det startar å brenne inne i serverrommet, er det montert eit sløkkingsanlegg som brukar gass for å unngå å skade utstyret.

– Anlegget er også eit av dei mest miljøvennlege datasentera i verda. Vi brukar opp igjen varmen serverane produserer til å varme opp Tussa-tunet. På sikt skal vi også bruke dette til fjernvarme. Om vi utnyttar halvparten av kapasiteten i senteret, kan vi levere nok varme til å dekkje behovet til Tussa-tunet. På sikt kan vi levere oppvarming til fire Tussa-tun.

Framleis drift i Dragsund

Datasenteret i Dragsund i Herøy skal framleis vere i drift.

– Enkelte kundar krev at det er lagra to kopiar på to forskjellige stader. Dei har eit spegelbilde av dataa sine i Dragsund, seier Driveklepp.

Per i dag har Tussa IKT 170 kundar som lagrar data. Nokre får alt levert av Tussa, medan andre har eigne serverar montert i Tussa sitt anlegg. IT-delen av Tussa IKT omset for 45 millionar kroner i året, medan breibandsdelen omset for 80 millionar årleg.