Hansina Ringstad starta med å lage kransar og selje blomster frå heimen sin i 1955. Nokre år seinare flytta ho verksemda til sentrum. Ho heldt på til tidleg på 1970-talet, då svigerdottera Aase Ringstad tok over. Ho tok fagbrev, og vart medlem i Interflora. Frå då av har det vore mogleg for folk i Ulstein å sende blomster rundt om i landet - og nesten over hele verda.

Aase Ringstad kalla butikken Ringstad Blomster, og dreiv han fram til 1.1. 1998, då Greta Flø og Janne Karlson Slettestøl tok over.

- Vi tok over ein veldriven butikk med eit godt kundegrunnlag, slår Greta Flø fast i dag-.

Dei to kvinnene hadde sidan Blåhuset opna, drive blomsterbutikken «Husfreden» på kjøpesenteret. Då Slettestøl valde å gå ut av kompaniskapet, heldt Greta Flø fram åleine. I ein periode dreiv ho «Husfreden» vidare medan ho pussa opp lokala til Ringstad Blomster.

- Før Janne slutta tok eg fagbrev, og eg må seie at eg stortrivst med jobben. Det er ein både utfordrande og spennande jobb. Vi møter folk i både sorg og glede, og vi  er ein handverksbutikk som legg vekt på godt blomsterbinderi, forklarer Greta Flø.

Utanfor kjedene

Ho fortel at alle tilsette i butikken har fagbrev.

Dei fleste blomsterbutikkar i dag, er med i ei eller anna blomsterkjede, men ikkje Ringstad Blomster.

- Eg vil stå fritt. Vil ikkje plasserast i nokon båas. Eg vil vere fri både i arbeid og på jobb, forklarer ho.

Flø karakteriserer Ringstad Blomster som ein rein blomsterbutikk - med det tilbehør som er naturleg å ha i denne type butikk.

Ved åremål, bryllaup, fødsel og død er det naturleg å kjøpe blomster. Men Greta Flø fortel at også næringslivet i Ulstein er ei viktig kundegruppe.

- Kundekrinsen har utvida seg i takt med folketalet. Og det at Ulsteinvik for ein del år tilbake fekk bustatus, har verka positivt inn. Det har gjort at her kjem fleire tilreisande.

Nye kundar og mange trufaste kundar, ja til og med telefonkundar som berre ringer når dei vil ha sendt blomster til nokon, gjer at Greta Flø synest det er inspirerande å drive butikk. - Det er framleis nokre år til eg blir pensjonist, og eg har lyst til å stå på vidare, for dette synest eg er kjekt, smiler ho.

Sjølve feiringa kjem ho tilbake til seiare. Men ho lovar at det skal bli nokre overraskingar.