Ikkje før har dei etablert seg med turboverkstad i Sandnessjøen, så utvidar SEVI Turbo verksemda si til også å omfatte Danmark.

I følgje administrerande direktør i SEVI Turbo, Roger Kaldhol, er det inngått ein rammeavtale der den Herøy-baserte turboverksemda skal levere alt av turbodelar og turboservice til verksemda Marineservice Hirtshals som ein del av den veletablerte Marineshaft-gruppa.

- I tillegg skal SEVI Turbo ha det som trengs av balanseringsmaskiner, spesialverktøy og personell i Hirtshals. Vi tilbyr då SEVI Turbo sine produkt og tenester som en del av Marineservice si portefølje gjennom dette samarbeidet. Marineservice AS – Hirtshals tilbyr også dokkingar av fartøy, forklarer Kaldhol.

Han fortel at her, tilliks med etableringa i Sandnessjøen, starta samarbeidet på best mogleg måte med ein storordre til eit dansk reiarlag.

Gjennom etableringa i Hirtshals opnar både den danske marknaden og marknaden med farty som går inn og ut av Austersjøen seg opp for Sevi Group. I tillegg vert avstanden til resten av Europa naturlegvis kortare.

- På lik linje med etablering av verkstadane vi har i Noreg, satsar vi stort med avansert balanseringsutstyr for turbo-rotorar opp til 1.000 kg og lokalt delelager i Hirtshals, seier Roger Kaldhol som kan love endå fleire etableringar både i inn- og utland dei nærmaste månadane.

SEVI Turbo er ein del av SEVI Group som også omfattar SEVI Motor og SEVI Elektro. I dag har dei verkstader i Skien , Bergen, Fosnavåg, Kristiansund, Svolvær, Sandnessjøen og Hirtshals.