Ragnar Hatløy har slutta i Fantastiske Osberget og etablert eit nytt kommunikasjonsbyrå i regionen, Frequency Yard AS. Medeigarar i selskapet, i lag med Hatlø, er Øystein Muren, Terje Grønmyr og Geir Solheim. Byrået i Ulsteinvik blir ein del av reklamebyrået Frequency frå Måløy. Frequency har knytt til seg medarbeidarar rundt omkring i regionen, som Magne Jonny Krumsvik som er tekstforfattar i Ørsta.

Solid erfaring

Hatlø har solid erfaring med film, 3D, virtual reality, design og konseptutvikling i arbeidet sitt med marknadskommunikasjon.

– Ragnar er ein verdseinar på sitt område, hevdar dagleg leiar Geir Solheim i Frequency.

– Han Ragnar sit på ein stor kompetanse på området. Han har med seg ein fantastisk gjeng og han har noko eineståande og bra å tilby kunden, seier Terje Grønmyr som forklaring på kvifor han ville vere med å investere i det nye firmaet til Hatlø. Det er etterspurnad i marknaden etter levande bilete, og det kan Hatlø tilby, det er han omtrent aleine om.

Solheim er også dagleg leiar i Havkraft. Han fortel at Hatlø er så dyktig, at han brukte han også då Hatlø jobba i Fantastiske Osberget. – Sjølv om han jobba i eit konkurrerande selskap, seier Solheim.

– Ikkje berre noko fint

Hatlø og Solheim er oppteken av å ikkje berre vere eit reklamebyrå som lagar noko fint. Det er viktig å lage noko som når fram til kunden. Det er ingen vits i å lage ei nettside for å lage ei nettside, det som er viktig er å kommunisere produktet heilt fram til kunden.

– Det handlar om å treffe kunden på rett bølgjelengde, forklarer Solheim.

– Internasjonal by

– Ulsteinvik er ein internasjonal by, og me er eit internasjonalt byrå, seier Hatlø og legg til at her er alle kundar like viktige, stor eller liten. Han oppmodar dei som vil om å kome innom å prate med dei, for å sjå om dei skal finne på noko kreativt i lag.

– Me vil inspirere kundane våre til å inspirere sine kundar, seier Solheim.

– Eg elskar å få andre til å tene pengar, seier Hatlø.