Posten har bestemt seg for å inngå avtale om Post i Butikk med Bunnpris på Hareid, noko som inneber at posttenestene vil verte flytta frå Spar som har hatt dette tilbodet i mange år.

– Vi tykkjer det er flott at nye aktørar melder si interesse. Målet vårt er at kundane skal ha god tilgjenge til posttenestene. Nokre tykkjer kanskje det er synd å miste den Post i Butikk som de er vane med å bruke, men i ein open konkurranse er det dei butikkane med det beste tilbodet totalt som vinn, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Norge.

Tidlegare denne månaden tildelte Posten nye avtaler til 140 Post i Butikk, av desse var det til saman 49 som skifta stad.

Avtalane vert inngått for fire år, med høve til forlenging i opptil totalt sju år.

Posten opplyser ikkje om når den nye avtalen vert sett i verk.