Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven, heldt eit føredrag under OSV-konferansen i Fosnavåg onsdag i førre veke. Her uttalte han mellom anna at han trur ei konsolidering av verftsindustrien vil skje også i Norge. Det skriv Nett.no.

– Slik det kom fram i akkurat den saka, ivra eg for ei konsolidering av den norske verftsindustrien. Det er ikkje rett. Eg konstaterte berre at det skjer, forklarar Rasmussen til Vikebladet Vestposten.

Rasmussen fortalde også forsamlinga at det er ein overkapasitet på verftssida i Norge.

Kristian Sætre, administrerande direktør Ulstein Verft, vel å sjå litt annleis på problemstillinga.

– Eg trur det er sunt og skjerpande med konkurranse. Det er bra at det er fleire verft som konkurrerer om dei same kontraktane, seier Sætre.

Kan ikkje samanliknast

Kleven-konsernsjefen drog under OSV-konferansen parallellar til situasjonen i Kina, der det har vore ei omfattande samanslåing av skipsverft over fleire år.

– Vi ser at det går føre seg ein omfattande konsolidering av verftsindustrien i Kina. Vi trur det vil kome i Europa, inkludert i Norge, fortalde Rasmussen til dei frammøtte under konferansen.

Dette skriv Nett.no.

Kristian Sætre meiner det ikkje blir heilt rett å samanlikne situasjonen i Kina med situasjonen i Norge.

– I Kina er det ein heilt annan situasjon, med langt meir kapasitet i marknaden. Ein kapasitet som aldri har blitt utnytta til det fulle. Når den ikkje blei utnytta då bransjen var på topp, var det berre ein naturleg konsekvens at verft og verftsgrupper byrja å slå seg saman. Vi hadde fleire verft i Norge også tidlegare, så det har i realiteten gått føre seg ei nedskalering av verftsindustrien her i landet også.

Sætre fortel at når det gjeld Kina er det også snakk om nedleggingar, ikkje berre samanslåingar. Han vil samstundes påpeike at Kleven og Ulstein Verft driv etter ulike modellar.

– Ulstein Group er eit marknadsdrive teknologimiljø der Ulstein Verft er eit viktig strategisk element. Difor blir det igjen vanskeleg å samanlikne oss med Kleven. Likevel er eg overtydd om at konkurranse er sunt, og at vi er tent med å ha dei verfta vi har i Norge no.

– Det er ikkje heilt stilt

Sætre vel å sjå på det positive også når det gjeld den utfordrande situasjonen i marknaden for tida.

– Vi ser at det er færre kontraktar og færre prosjekt i marknaden, men det er ikkje heilt stilt. Det skjer framleis mykje, seier Sætre.

Fleire reiarlag har lagt fartøy i opplag den siste tida. Dei siste dagane har det blitt klart at også Rem Offshore må leggje fartøy i opplag, to i talet. Ulstein Verft skal nedbemanne, for å betre lønnsemda og gjere verftet meir konkurransedyktig.

Kleven på si side har ein rekordstor ordrereserve på 17 skip til ein verdi av over 11 milliardar kroner. Trass i dette, var resultatet svakare i 2014 enn i 2013.

– No er det om å gjere å jobbe godt gjennom ei vanskeleg tid, seier Ståle Rasmussen til slutt.