Harald Bigset frå Hareid starta for seg sjølv, etter å ha vore i Ulstein Group fram til 2010. Han oppretta selskapet Point Offshore AS, og seinare kom også Ingar Kaldhol til. Kaldhol har budd i Brasil i til saman åtte år, der han har arbeidd med bygging av offshorefartøy og design, slik som han har gjort heime i Norge gjennom heile sitt yrkesaktive liv.

No har Point Offshore AS, med kontor i Ulsteinvik, sikra seg ei kontrakt med det brasilianske reiarlaget CBO. Reiarlaget jobbar mellom anna med Petrobras og Statoil.

– For oss betyr det at vi har fått eit endå betre fotfeste i Brasil. Det er ikkje den første jobben vi gjer for eit brasiliansk selskap, men det er det første oppdraget av større betydning, fortel dagleg leiar Harald Bigset til Vikebladet Vestposten.

Selskapet ynskjer ikkje å gå ut med kva dei tener på jobben, men seier at det er snakk om ei kontrakt på minst fire månader med arbeid.

– Brasil vert ein spanande marknad framover. Vi håper at vi kan halde fram med å ha kundar der i lang tid framover. For å lukkast lyt ein ha gode relasjonar, og det har vi, seier Bigset.

Høg stjerne i Brasil

Ingar Kaldhol har som sagt budd i landet gjennom mange år, og han har ei høg stjerne blant dei brasilianske verfta og reiarlaga.

– Jobben for det brasilianske reiarlaget vil gå ut på å vere til stades på verftet under bygginga og følgje ingeniørarbeidet og innkjøpsprosessane. Ingar vil spele ei sentral rolle her, fortel Harald Bigset.

Bigset fortel at det ikkje er tilfeldig at CBO vil jobbe meir med Point Offshore AS.

– Dette reiarlaget har lang erfaring med norsk design. CBO skal byggje ein serie av avanserte offshoreskip og har bedt oss om teknisk støtte i denne prosessen. Vi har arbeidd tett saman i fleire år allereie, og gler oss over at dei viser oss tillit gjennom vidare samarbeid.

Point Offshore AS har i dag to fast tilsette i Norge, og ti fast tilsette i utlandet. Selskapet, med sine dotterselskap, har spesialisert seg på tekniske konsulenttenester for offshoreskip og riggar.