Torsdag arrangerte IL Hødd Leverandørkonferansen for 15 året på rad. I ei tid då den maritime industrien opplever ei usikker tid, med mindre arbeid og lågare oljeprisar, kunne ein få med seg vurderingar frå mellom anna Åge Remøy i Rem Offshore og Inge Furre i Sparebanken Møre.

– 22. mai skal vi etter planen overta eit skip frå Kleven, sigle det inn på Fosnavåg hamn. Det er 20 meter breitt og altså ein meter breiare enn det som vart døypt der 9. april, fortalde Åge Remøy.

Fram til seinsommaren og hausten i 2014 hadde Remøy og Rem Offshore rekordomsetjing og rekordmarginar.

– Det viktigaste er at vi har tent pengar, og det har vi gjort kvart einaste år. Det toppa seg i fjor med 370 millionar av ei omsetjing på 1,4 milliardar. Vi har hatt så gode resultat at vi er i stand til å stå litt i motbør som vi har no.

Noko optimistisk

Åge Remøy sa mellom anna at ein trudde aktiviteten i nordområda framleis skulle vere brukbart stor. Derfor er den nye Rem-båten frå Kleven utrusta for å kunne gå i vêrharde og vinterlege strok.

– Kva skjedde? Det hadde utvikla seg ein veldig kostnadseksplosjon. Vi opererte nesten med to økonomiar, ein oljeøkonomi og ein vanleg økonomi. Det skapte problem, mellom anna for oljeselskapa som ikkje klarte å tene pengar.

Remøy sa at han framleis er forsiktig optimist med tanke på dei komande åra.

– Det er heilt umogeleg å seie når vi får tilbake marknaden vår, men alle meiner at det ikkje kjem i år og det trur eg nok vi må belage oss på, men i utgangspunktet er eg noko optimistisk og trur neste år blir betre enn i år, slo Åge Remøy fast.

Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre var heller ikkje spesielt negativ til utsiktene i tida framover.

– I banken har vi vore det vi kan kalle nøkterne optimistar heile vegen. Har ein to analytikarar der ein har positive haldningar, medan den andre meiner oljeprisen skal ligge på 30 dollar fatet, så kan du vere heilt sikker på at det er den siste som hamnar på internett.

Lågt rentenivå

Furre byrja med å sjå på internasjonal økonomi, som han sa er på veg oppover.

– Det er stor skilnad mellom dei ulike regionane, men det ser ganske bra ut i USA og Eurosona ser ut til å kome seg betre. Den europeiske sentralbanken har sett i verk kraftige verkemiddel for å få opp vekst og inflasjon.

Furre la til at ein risikofaktor er Kina som har hatt oppblåsing av eigedomsprisar, betydelege utlån til publikum og at det er spanande å sjå om dei klarar å oppnå vekstmåla sine.

– Rentene globalt ser ut til å ligge lågt endå ei god stund. Dei første sentralbankane som truleg aukar renta er den amerikanske og Bank of England. Det skjer neppe noko før mot slutten av året. For Norge sin del må vi nok rekne med at rentene vil ligge lågt endå ei stund.

Furre reknar med at Norge vil følgje Eurosona.

– Hovudgrunnen til det er for å bøte på verknadane den låge oljeprisen har for norsk økonomi. Låge renter er framleis bodskapen, sa Furre som samstundes slår fast at ein vil få ein svak vekst i norsk økonomi i år.

Furre ser samstundes føre seg at oljeprisen vil kome opp att, at ein får ein oppgang i verdsøkonomien og at rentenivået framleis vil vere lågt.

– Vi prøvar å ha ei oppfatning av framtida. Hovudkonklusjonen til SSB, same som oss, er at 2015 blir eit svakt år for norsk økonomi, men industriproduksjonen vil bli dratt opp i løpet av 2016 og inn i 2017. Oppgang i oljeprisen og kronekursen fører til at det tikkar oppover i 2016.

Sjeføkonom: Inge Furre frå Sparebanken Møre konkluderer med at 2015 blir eit svakt år for økonomien i fylket, men at med ein viss oppgang i oljepris, låge renter og svak kronekurs så vil det tikke oppover i 2016.