- Eg er no ein evig optimist, men dette gjekk over all forventning, seier ølbryggar Øyvind Gryt.

I går var første offisielle salsdagen for det økologiske ølet frå Grim&Gryt Økobryggeri på Hareid. I dag er lageret tomt.

- Vi hadde produsert opp 3000 flasker, rundt 1000 liter. Dei forsvann fort, seier Gryt som kan fortelje om hektiske tilstandar på økoryggeriet dei siste dagane.

No kjem Grim & Gryt i butikkhyllene

Ny leveranse av det populære ølet er ikkje klart før til neste helg. Då skal dei ha klar 4000 flasker.

Det tek om lag ein månad frå brygginga startar til ølet er klart til sal.

- Tilbakemeldingane vi har fått så langt er svært gode, seier Øyvind Grimstad.

Det er butikkar, hotell og utestader på ytre og søre Sunnmøre som no i første omgang tilbyr det lokale ølet i hyllene sine.