I oktober 2014 vart det kjent at Kleven skulle byggje eit 112 meter langt spesialskip for mineralutvinning på havbotnet for De Beers Marine Namibia.

Ifølgje ei pressemelding frå Kleven låg det då inne eit atterhald om endeleg byggegodkjenning innan 1. mai 2015, og no er denne på plass.

Det vil seie at Kleven får grønt lys for bygginga av skipet med MT 6022-design frå Marin Teknikk, eit design som er velprøvd for offshore konstruksjonsfartøy, men som blir utrusta med eit breitt spekter spesialutstyr.

Selskapet som har bestilt fartøyet, De Beers, er verdas største diamantselskap med 125 års erfaring innan utvinning og handel med diamantar, som i tillegg driv ei rekkje svært ekslusive forretningar over heile verda.

Ifølgje Kleven skal verftet levere fartøyet i løpet av sommaren 2016.