I desember 2013 starta dei erfarne næringslivsjournalistane Kjetil Haanes og Ogne Øyehaug, saman med Eirik Staurset og Olav Sindre Kriken i Racer AS, nyheitsportalen Nett No. Slutten av april 2015 blir eit nytt kapittel i historia til medieselskapet Bakkar og Berg Media AS, som står bak næringslivsportalen. Havila Holding AS går inn som medeigar i selskapet, og har no 33,4 prosent av aksjane. Kapitalutvidinga gjer at Bakkar og Berg Media AS får tilført to millionar kroner.

- Dette er svært gledeleg. Det gir oss kapital som gjer at vi kan oppretthalde og auke den satsinga vi allereie er i gang med. Det gir oss ressursar til å gå djupare og breiare, og det er framleis næringsliv som vil vere satsingsområdet vårt framover, seier ansvarleg redaktør Ogne Øyehaug til Vikebladet Vestposten.

Fryktar ikkje innblanding

Havila Holding AS, med eigar og dagleg leiar Per Sævik, eig frå før 50 prosent av Skipsrevyen. I avtalen mellom Bakkar og Berg Media AS og Havila Holding AS er det nemnt heilt spesifikt at Nett No skal vere ei redaksjonell fri avis.

- Vi blir ikkje bekymra i det heile over at eit anna selskap no eig ein tredel av medieselskapet. Per Sævik har tidlegare vore i styret i Sunnmørsposten og Havila Holding har ein eigarpost i Skipsrevyen, og dei har på ingen måte hatt noko med den redaksjonelle praksisen å gjere, seier Ogne Øyehaug og legg til:

- Ta til dømes Dagens Næringsliv, som mellom anna er deleigd av Fred Olsen sitt selskap, utan at det på nokon måte fargar dekkinga deira.

Imponert medeigar

Per Sævik, dagleg leiar i Havila Holding, meiner det Nett No gjer er imponerande, og at det er nokre faktorar som gjer at selskapet vil vere med på å støtte satsinga.

- Næringslivet treng kvalitetsjournalistikk. Dette er viktig for utviklinga av næringslivet i heile regionen, og for å synleggjere næringslivet både nasjonalt og internasjonalt.

Nett no er ein abonnementsbasert nyheitsportal om næringsliv, med fokus på dei 22 kommunene på Sunnmøre og i Nordfjord.