Alt på 1800-talet såg fiskebåteigarar, bønder og huseigarar behovet for å sikre verdiane sine. Assuranseselskap vart etablerte for at ikkje alt skulle vere tapt om ulykka var ute. I 1866 vart Voldens brandsikringsforening stifta og i 1871 kom Aalesund og Moldes Skibsassuranceforening, seinare også Sunnmøre Båttrygdelag og Herøy Båttrygdelag. I dag, nesten 150 år seinare, er alle desse selskapa blitt til Møretrygd.

- Vi har eit heilt slektstre av forsikringsselskap i historia vår, fortel Bjørn Harald Bakke, administrerande direktør i Møretrygd. Selskapet er botnsolid med over 300 millionar kroner i eigenkapital. Fiskebåtar har vore ryggraden. Mellom 70 og 80 prosent av den lokale fiskebåtmarknaden og ein tredel av den norske havgåande fiskeflåten er forsikra i Møretrygd. Men talet på fiskebåtar er halvert siste 15 åra og selskapet måtte finne nye kundar andre stader.

Satsing på land

Den førebels siste greina på slektstreet er selskapet som starta først: Voldens brandsikringsforening, som fusjonerte med Møretrygd i 2008. Med dei fekk selskapet tilført nødvendig kompetanse og erfaring på landbasert forsikring.

- Det einaste vi ikkje forsikrar er tungindustri, seier skadesjef Odd Magne Stave. Hus, hytter, bilar, båtar: Alt både næringsliv og privatpersonar treng av forsikringar kan selskapet tilby til konkurransedyktige prisar. Men den viktigaste skilnaden på Møretrygd og andre forsikringsselskap er lokaliseringa.

- Vi er her. Vi kjenner kundane våre og dei kjenner oss. Lokalkunnskapen og at alle avgjerder blir tatt her er avgjerande, slår Bakke fast.

Filosofi

Selskapet arbeider etter kyrkjetårnprinsippet. Kort og greitt betyr det at det ein kan sjå frå kyrkjetårnet er eit handterbart område. Med kontor i Ålesund, Volda og Fosnavåg kan det summerast til at Nordvestlandet er kjerneområdet for Møretrygd. Sentralisering til Oslo er uaktuelt, tvert om vil dei bygge opp eit nytt forsikringsmiljø i Ålesund.

- Det er viktig for byen og distriktet at her er kompetansemiljø på alle felt, seier Bakke. Lokalkunnskap, erfarne medarbeidarar og personleg kontakt med forsikringskundane skal vere eit kjenneteikn for selskapet. Derfor er vakttelefonane bemanna 24 timar i døgnet sju dagar i veka. Det skal alltid vere hjelp å få og eit menneske å snakke med når kundane har behov for det. Dei er også velkomne til å stikke innom kontora når dei har noko på hjartet.

Vellukka strategi

- Vi veks og vi mistar ikkje kundar, seier Bakke. 95 prosent av kundane fornyar forsikringane sine frå år til år. På sjøsida, altså alt som har med fiskebåtar å gjere, er talet bortimot 100 prosent.

I dag har Møretrygd 23 tilsette fordelt på dei tre kontorstadane. Fleirtalet har vore i selskapet i mange år og har opparbeidd lang erfaring og kompetanse. Og nye kjem til, både fordi nokre har nådd pensjonsalderen og fordi selskapet veks og treng fleire tilsette. Seks-sju nye er på veg inn, både unge og folk med lang fartstid i bransjen.

- Vi ønskjer ei balansert aldersspreiing i staben, forklarer Bakke. Og målet framover er klart: Innan 2020 skal Møretrygd vere like store på land som på sjø og ha endå fleire tilsette. 29. april inviterer dei til generalforsamling på det nye hotellet i Fosnavåg og håper på stort frammøte.