Ifølgje Ulstein Group kan konsernet sitt nye design for akterenden på skip få prisen "Next Generation Ship Award". Prisen blir delt ut under Nor-Shipping-messa som blir arrangert i juni.

X-Stern konkurrerer mot tre andre kandidatar om innovasjonsprisen.

- X-Stern har mange av dei same eigenskapane som X-Bow, og kan halde seg på posisjon ved tøffe vêrforhold med akterenden mot bølgjer, vind og straum. Som følgje av hekkforma og det innelukka akterdekket vert det ikkje kasta sjø inn på dekk. Utforminga reduserer akselerasjon, hiv og stamping, og gir betre komfort og sikkerheit, skriv Ulstein på sine nettsider.

Den nye akterenden har fått mykje merksemd etter at den vart lansert på ONS i 2014.

Les også: - Ny X frå Ulstein

Ulstein Group har også signert sine første kontrakter med X-Stern. I januar i år vart det klart at Ulstein Verft skal byggje to serviceoperasjonsskip med SX-175 design for Bernhard Schulte. Dette er dei første skipa frå Ulstein som skal nyttast i vindindustrien.

Les også: No kjem X-Stern

Les også: Feira X-Stern nummer ein og X-Bow nummer 100