Regjeringa vil gjere det lettare å byggje skip her til lands og lettar på krava til kjøparbetaling i kontraktstida gjennom Garantiintsituttet for eksportkreditt (Giek).

Heretter skal kjøparen kunne betale inn mindre enn dei 20 prosentane av kontraktsummen som har vore kravet til no. Giek skal sjølv kunne avgjere kor stor denne delen skal vere etter risikoen.

– Vi justerer kravet slik at det blir i tråd med det dei private bankane tilbyr. Dette vil gjere norske verft meir konkurransedyktige, ettersom dei no får lettare tilgang på finansiering, seier næringsminister Monica Mæland (H).

Giek garanterer for inntil 50 prosent av kvart lån. Ein eller fleire bankar garanterer for resten av beløpet på like vilkår.

Ramma for ordninga med byggjelånsgaranti er fem milliardar kroner.

Her frå besøket på Kleven Verft i april i fjor. Erna Solberg og næringsminister Monica Mæland. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll