Arvid Gjerde AS fra Innfjorden i Rauma har tinga ein ny spesialbil for montering av autovern hos PMC Servi i Ulsteinvik og Heggset Engineering i Kristiansund. Overleveringa av bilen skjer i Ulsteinvik 26. mai.

Den spesialbygde kraftpluggen borar og hamrar ned autovernpålar med høg presisjon i raskt tempo.  Ved hjelp av ein handhalden fjernkontroll kan operatøren fjernstyre og køyre bilen utan å sitje i førarhuset.

Det er Heggset Engineering AS  som står bak designet, medan bilen er samanstilt og utrusta av erfarne fagfolk innen hydraulikk og automasjon hos Servi i Ulsteinvik. Dei har også tatt del i designet av bilen. Spesialbilen er mellom anna utstyrt med syklontank som minskar oljebehovet i det hydrauliske systemet med heile 80 prosent. Syklontanken er patentert av Servi Group.

PMC Servi og Heggset Engineering overleverte ein tilsvarande bil til Arvi d Gjerde hausten 2012. Selskapet vil bruke bilane til montering av autovern i heile verkeområdet deira, eit område som strekkjer seg frå grensa til Nordland og til Sør- og Austlandet.