Midvest Fondene og Spilka International går inn med 12 millionar kroner i verksemda Brimer AS på Kvamsøya.

- Med tilførsel av ny kapital og eigarar med omfattande kjennskap til både industri og finans, ligg vi no godt an til vokster dei komande åra, seier administrerande direktør Jarle Støylen som etablerte Brimer i 1974.

Brimer er ein leiande leverandør av tankbasseng og tilhøyrande produkt i komposittmateriale. Brimer har opparbeida seg ein sterk posisjon innan produksjon av basseng til oppbevaring av drikkevatn, ikkje minst innan kommunalteknisk sektor. Dei seinare åra har også aktørar innan akvakultur, fiskeri og oljeservice etterspurt produkta til Brimer.

I følgje ei pressemelding har dei nye eigarane lagt ein plan for vidare vekst og utvikling saman med dei eksisterande aksjonærane og leiinga i selskapet. Målet er å styrke Brimer sin posisjon på dei marknadsområda der dei allereie er godt etabler i tillegg til at dei ønskjer å legge til rette for å vekse på nye område.

Megatrend

- Brimer har solid kunnskap når det gjeld å levere løysningar knytta til oppbevaring av vatn og andre væsker, noko  vi ser som ein megatrend dei komande åra seier Håkon A. Berg i Midvest Fondene som no har gått inn med kapital i Brimer saman med selskapet Spilka International.

- Vi ser eit stort vekstpotensiale, ikkje minst innan marin sektor, seier Berg som peikar på at særleg settefisknæringa i tida framover vil oppleve endringar med tanke på større tankar og sikrare løysingar når det gjeld hygiene, eit meir effektivt vedlikehald for å halde driftskostnadane nede og eit styrka omsyn til miljøet.

Også administrerande direktør i Spilka Internationale, Knut Inge Stafset, er optimistisk:

- Gode marknadsutsikter kombinert med ein sterk organisasjon, gjer oss overtydde om at den gode utviklinga i selskapet dei to siste åra.

Han seier at dei har har stor tru på selskapet sin kjernemarknad, der dei ser trendar som går mot større bassengløysingar, eit område der dei meiner Brimer har store konkurransefortrinn.

Midvest Fondene er eit regionalt investeringsmiljø som vart skipa i 2008. Selskapet er eigd av industrielle og finansielle investorar og har ein kapitalbase på om lag 250 millionar kroner. Fonda rettar særleg innsatsen inn mot små og mellomstore verksemder i Midt-Noreg der dei ser at vekstpotensialet er stort.

Spilka International er eit industrielt kapitalmiljø som har omfattande erfaring og kompetanse når det gjeld utvikling og eigarskap i industriverksemder. Selskapet har hovudbase i Ålesund, men har eigarskap i ei rekke verksemder både lokalt og nasjonalt.