Ein rapport publisert av forskingsprogrammet Concept ved NTNU i Trondheim sår tvil om at det vil verte etablert ei snøggbåtrute mellom Ålesund og Bergen når Stad Skipstunnel står ferdig ein gong etter 2018. Rapporten konkluderer med at ein snøggbåt ikkje vil kunne konkurrere med fly på denne strekninga.

Eit av formåla med Stad Skipstunnel er elles  å betre tryggleiken til sjøs.

"Det problemet er langt på veg løyst med betre vêrmeldingar og betre skip. Tunnelen vil heller ikkje betre effektiviteten i skipsfarten av di det vil vere raskare og snarare mindre risikabelt å gå utanskjers», skriv avis Dagf og Tid som siterer frå rapporten.