No i mai har Una Bjåstad Hovlid starta som hudlege i Ulstein. Ho har fått seg kontor ved Medi3, men praksisen hennar er eit offentleg tilbod.

Hovlid er spesialist på hud og veneriske sjukdomar (seksuelt overførte sjukdomar). Ho kjem frå jobben som overlege på hudavdelinga på Ålesund sjukehus. Før det har ho arbeidd ved hudavdelinga på sjukehusa i Førde og Haukeland, og ho hadde eit år på universitetssjukehuset i Dar es Salaam (Tanzania).

Nærare pasientane

Då to av hudlegane ved sjukehuset sa opp stillingane sine hausten 2014, vart det ei omorganisering av hudtilbodet i fylket. Det vart lyst ut stilling som avtalespesialist både i Ålesund og i Ørsta/Volda. Sistnemnde vart seinare flytta til Ulsteinvik.

–  Ulsteinvik har ei sentral plassering på Søre Sunnmøre, seier Hovlid. Helsetenestene skal kome nærare pasientane, og dermed korte ned reisetida til spesialist. Ho har inngått avtale med Medi3 om leige av utstyr, personell og lokale.

– Det er fint å høyre til eit medisinsk kollegium som alt var etablert, forklarer Hovlid.

I Ålesund er det tre hudlegar, ein av dei er på sjukehuset i Ålesund.

Berre tilviste pasientar

Avtalespesialist er eit offentleg tilbod der pasientane betaler eigendel, resten blir refundert.

Hovlid tek ikkje imot pasientar utan at dei er tilvist til henne frå annan lege. Dei fleste får tilvising frå fastlegen sin, nokre frå sjukehuset, eller det kan vere privat lege.

– Kor fort pasienten får time kjem an på opplysningar i tilvisinga og prioriteringa følgjer nasjonale retningslinjer, forklarer Hovlid.

Over 2000 diagnosar

Una Bjåstad Hovlid har pasientar i alle aldrar. Nokre er berre innom ein gong for å få hjelp, andre har kroniske sjukdomar som dei får behandling for.

Hudlegen behandlar ein del eksem og psoriasis, kviser, solskade og hudkreft. Det er over 2000 ulike diagnosar ho tar seg av, så det er ingen keisam jobb.

For dei som får lysbehandling blir det eit lyskabinett for heile kroppen, eller det blir mogleg å få behandling på hender og føter.

Ho kan også tilby fotodynamisk terapi, som blir brukt ved solskade og nokre formar for hudkreft.