Programansvarleg i hoppid.no, May-Britt Roald, poengterer at gründerfylket Møre og Romsdal har vist evne til omstilling og nyskaping tidlegare, og meiner det same gjeld i denne dumpen.

- Delar av næringslivet i Møre og Romsdal merkar no oljebremsen med lågare ordretilgang og varslar nedbemanning. Kanskje er no den rette tida for å teste ut idear og starte eiga verksemd?, spør Roald i innlegget.

hoppid.no er starten

Innovasjon og etablering er viktig for å skape nye arbeidsplassar påpeikar May-Britt Roald. Ho fortel vidare at hoppid.no sitt mål er å hjelpe fram gode entreprenørar og nyskapande prosjekt.

- Møre og Romsdal fylkeskommune har utvikla ein solid infrastruktur for entreprenørskap. Vi har gründerhjelpa hoppid.no som er unik i landet. Over heile fylket har kommunane hoppid.no-kontor som er plassen å starte for dei som ønskjer om å etablere eiga bedrift eller har ein god forretningsidé. hoppid.no har eit tett nettverk av gode hjelparar som bidrar til forretningsutvikling, marknadsavklaring, kompetanseprogram og finansiell støtte. Vegen er kort frå hoppid.no til innovasjonsmiljø, som næringshagar og kunnskapsparkar, og til Innovasjon Norge, skriv Roald.

Skaper nye moglegheiter

Så, korleis påvirkar oljebremsen etableringslysta? Svikt i marknaden kan virke negativt, fortel Roald.

- Sist finanskrise, mellom 2007 og 2009, gjekk talet på nyetableringar ned.  I omstillingsperiodar har mange bedrifter fokus på kjerneverksemd og effektivisering. Marknaden for kjøp og sal av tenester mellom bedrifter skrumpar inn, og bedriftene brukar eigne folk i staden for å leige. Dette kan føre til færre etableringar i tenestesektoren, skriv Roald og legg til:

- Samstundes skaper omstilling nye moglegheiter. Når bedriftene no må sjå etter nye vegar, og fleire med høgare utdanning og bransjeerfaring blir ledige, må folk tenke nytt og hente fram dei gode ideane.

I følgje statistikken er nyetablerte bedrifter meir robuste i Møre og Romsdal enn elles i landet.

- På lista over dei mest levedyktige bedriftene, tek vi bronseplassen. Sidan 2001 har vi hatt ein jamn vekst og ligg no på rundt 2.000 etableringar i året.