Biomarin kan ta over for olje både i aktivitet og verdiskaping – men først i overmorgon. Og det er ingen plass som Sunnmøre å diskutere dette.

Kor lang tid det vil ta er noko av det administrerande direktør i Sintef fiskeri og havbruk, Vegar Johansen, vil snakke om på Fosnavågkonferansen torsdag.

Tema for konferansen er havromet.

- Her er eit stort og uutnytta potensiale, og grunnlaget for ein stor del av omstillinga Norge skal igjennom, seier Johansen.

Han meiner biomarine ressursar heilt klart vil kunne ta over for olje både når det gjeld aktivitet og verdiskaping.

- Men ikkje i morgon. Vi må i staden førebu oss på i overmorgon. På konferansen kjem eg til å peike på nye mulegheiter, verdiane vi kan hente og talfeste dette. Eg vil også seie noko om kor lenge det er igjen før vi kan skape verdiar innan biomarine ressursar.

Vegar Johansen seier at når ein skal bygge noko nytt, så må ein ha kompetanse innan alle dimensjonar.

- Og då er det ingen plass som Sunnmøre. Sunnmøre er klart rett plass å diskutere dette. I tillegg har ein her finansielle musklar til å ta risiko, folk som tør og ein kultur for å satse.

Leiar i Herøy næringsforum som arrangerer konferansen, Njål Sævik, seier dei vil bruke konferansen nettopp til å rette søkjelyset på korleis ein kan bruke teknologien frå offshorenæringa inn på andre område.

- Vi har kunnskapen og teknologien knytt til meir tradisjonell offshoreverksemd, men korleis kan vi gjere nytte av den vidare?

Fosnavågkonferansen vil ta føre seg utvikling og bruk av havromet både innan energi og mat.

- Herøy har rike tradisjonar både innan fiskeri og offshore. Begge deler har vore viktig for Herøy si utvikling, og begge deler kan vi ta med og ta i bruk inn i ei ny tid med nye utfordringar.

Ein av foredragshaldarane på Fosnavågkonferansen vert Alf-Helge Aarskog, konsernsjef i Marine Harvest, eit selskap som i fjor produserten nesten fire millionar laksemåltid kvar einaste dag og som har verksemder i 24 land. Havbruksnæring til havs vil vere mellom aktuelle tema for hans innslag.

Per Erik Dalen frå GCE Blue Maritime skal snakke om havromet som arena for innovasjon og Quentin Parent frå det franske teknologiselskapet Haption tek før seg framtidas simulatorar. Jon Dugstad kjem frå prosjektorganisasjonen Intpow som skal styrke grunnlaget for verdiskaping og sysselsetting i norsk energinæring og særleg innan fornybar energi. På Fosnavågkonferansen skal han halde foredrag om offshore vindkraft. Roman Grebe som leier Hamburgkontoret til meklarfirmaet Force3 Offshore har tittelen «Synergy Effects in the OSC Industry» på sitt foredrag. Og førsteamanuensis ved NTNU, Steinar Ellefmo, held innlegg om mineralforekomstar på havbotnen og teknologiar som gjer det muleg å nyttegjere desse.

Fosnavågkonferansen skal vere på Thon Hotel Fosnavåg  torsdag 18. juni. Det er råd å melde seg på heilt fram til konferansen startar.