Kleven har inngått kontrakt med Deutsche Fischfang-Union (DFFU), datterselskap av det leiande islandske sjømatselskapet Samherji, om bygging av to hekktrålarar. Fartøya skal leverast frå Myklebust Verft første halvår 2017, og er av NVC 374 WP-design frå Rolls-Royce.

- Vi er svært glade for at vi i løpet av den siste veka har inngått kontrakt på bygging av til saman tre avanserte fiskefartøy, alle tre i samarbeid med Rolls-Royce, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven. Fiskeri har alltid vore ein viktig del av vår 100 år lange historie, og vi set stor pris på at vi igjen kan bygge fiskebåtar ved Myklebust Verft. Denne kontrakten var svært viktig for å sikre kontinuitet for våre tilsette på verftet, og det er gledeleg å sjå at våre verft er konkurransedyktige internasjonalt også på fiskefartøy. Vi ser fram til å samarbeide med Rolls-Royce og Samherji om bygging av desse avanserte fartøya, seier Rasmussen.

- Vi har jobba med eit kunnskapstørst reiarlag i forkant av denne kontrakten. Vårt design og utstyr skal bidra til at dette vert to av dei mest effektive og moderne fiskefartøy som finnast. For eksempel vert fartøya utstyrt med våre nye B33:45 hovudmotorar. Det vert også dei første fiskefartøya i verda med Wave Piercing-baug, som vi hittil har solgt mest av til offshore- og handelsfartøy, sier John Knudsen, Rolls-Royce President Commercial Marine.

- Vårt mål er berekraftig fiskeri, og desse to fartøya markerer eit stort og viktig steg i utviklinga av selskapet. Ein av hovudgrunnane til at vi gjennomfører desse prosjekta er at det vil gje store forbetringar for mannskapet om bord. Dei tilfredsstiller også strenge miljømessige krav, og vi er trygge på at desse fartøya, designa og bygde i Noreg, vil vere svært positive for utviklinga til selskapet, seier konsernsjef Torstein Mar Baldvinson i Samherji Group. – Kleven har også tidlegare bygd for Samherji Group; FV Vilhelm Thorsteinson vart levert i 2000, og har hatt stort suksess etter levering.

Fartøya er 80 meter lange og med isklasse ICE 1A*, og får i tillegg til design også ein stor utstyrspakke frå Rolls-Royce.

Dette er den andre kontrakta Kleven annonserer på under ei veke. 13. juni annonserte selskapet ei kontrakt på bygging av ein brønnbåt for Sølvtrans. Også denne skal leverast frå Myklebust Verft.