Island Offshore har i dag heva atterhalda i skipsbyggingskontrakta med Kawasaki Heavy Industries for levering av offshoreskipet Island Navigator. Skipet er eit kombinert brønnintervensjons- og toppholsboringsfartøy med utstyr og kapasitet til å utføre ei rekkje kompliserte subsea- og brønnoperasjonar.

- Dette er nok ein merkedag for Island Offshore. Vi har arbeidd med utviklinga av dette fartøyet i tre år; eit prosjekt som nyt godt av vår erfaring og kompetanse innan brønnintervensjon gjennom ni år, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.

Island Navigator vert heile 169 meter langt, og vil, i følgje reiarlaget få ein sjeldan høg driftsregularitet grunna utforminga av skipet. Mellom anna er helikopterdekket flytta inn mot midten for å gi gode landingsforhold i vanskelege verforhold, slik at mannskapsskifta går som dei skal og ein kan oppretthalde drifta utan avbrot. Island Navigator vert også utstyrt med eit innebygd handteringstårn, noko som skal vere med å sikre eit trygt og godt arbeidsmiljø under operasjon i røft klima. I tillegg har skipet høgste klasse dynamisk posisjonering, isklasse (ICE-1B) samt høgste komfortklasse.

- Fartøyet vil gi eit vesentleg bidrag til å utvikle tenestespekteret vårt og Island Offshore som selskap. Vi har stor tru på dette konseptet, seier Ulstein.

Island Navigator er designa av Rolls-Royce og har fått typebeteikninga UT 777. Skipet vert bygd etter Mobile Offshore Unit-forskrifter, og vert difor rekna for å vere ei flyttbar innretning.

Forventa leveringstidspunkt er 2018/2019, og fartøyet vert fullfinansiert gjennom japanske finansinstitusjonar.