Konkurransen innan havgåande båtar og brønnbåtar har blitt hardare det siste året, melder verftsnæringa sjølv. Årsaka er fallet i offshoremarknaden.

Fallet gjer at konkurransen på fiskeri- og havbruksmarknaden strammar seg til, skriv Fiskeribladet Fiskaren.

– Mange norske verft går for kontraktar dei ikkje ville gått etter for to-tre år sidan, seier verftsdirektør Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske Verksted til avisa.

LES OGSÅ: Skal bygge to hekktrålarar til DFFU

Verftet har satsa på fiskeri og havbruk, og har dei siste åra fått auka konkurranse frå andre norske verft.

Administrerande direktør i Norske Skipsverft Birger Skår stadfestar tendensen. Han peikar på at tolv av dei sytten kontraktane som er inngått i år, er for fiskebåtar, brønnbåtar og serviceskip til oppdrettsnæringa. Men verdien av desse kontraktane er lågare enn offshorekontraktane.

– Verdien på dei nye ordrane er på cirka seks milliardar kroner. Det er mindre enn halvparten av verdien me hadde på same tid i fjor, seier Skår.