Holstad Rørservice As har delteke på Aqua Nor sidan 1995. Tidlegare i august var dei igjen på verdas største oppdrettsmesse. Roar Holstad fortel at dei diverre var einaste bedrifta frå Hareid eller Ulstein der. Det synest han er synd.

– Det er viktig at fleire bedrifter kjenner si besøkelsestid. I desse tider treng Hareid og Ulstein fleire bein å stå på enn berre skips- og offshoreindustri, seier Holstad og viser til at dette er ei næring med eit enormt potensial. Næringa blir berre større og større og kan skaffe mange arbeidsplassar.

Holstad og Hvalpsund Net som samarbeidspartnar lanserte forbetra plastmerdetype. Dei vart godt motteke av oppdrettsnæringa, og fekk fleire førespurnader dei no vil følgje opp.

Prosjekt Havrom

Holstad Rørservice As skal no reindyrke meir nokre av aktivitetane i selskapet. Bedrifta lagar seg ein arbeidsplattform dei har kalla Havrom, som handlar om å utvikle system og løysingar for effektiv industriell produksjon av mat frå havrommet.

– Me skal ta tilbake tapte marknadsområde, konsolidere og gje full gass, varslar Holstad som meiner det er her framtida for matproduksjon ligg. Ein kilo fôr gjev ein kilo fisk.