Krav frå EU og nasjonale styresmakter om at mykje meir av avfallet i åra som kjem må gjenvinnast, gjer at avfallsbransjen på Sunnmøre søkjer samarbeid for å kunne løyse framtidige utfordringar.

Kvar for seg er selskapa for små til å makte tunge løft i nye anlegg for avfallshandtering. Gjennom eit samarbeid vil ein i større grad også kunne dra vekslar på den kompetanse og erfaring som dei einskilde selskap har.

Sist fredag var Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR), Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR), Ålesundregionen interkommunale miljøselskap IKS (ÅRIM), Tafjord Kraftvarme AS og Ålesund kommune (Bingsa) samla på Sagafjord Hotel på Sæbø for å drøfte kva område det vil vere naturleg å samarbeide om i framtida.

For eit og eit halvt år sidan møttest dei daglege leiarane i avfallsselskapa på Sunnmøre og byrja snakke om felles utfordringar og kanskje også felles løysingar. Eit slikt samarbeid er forankra i selskapa sine styre og representantskap.

- Klarer vi ikkje gjenvinne meir av avfallet, kan verda i løpet av få år gå tom for viktige råvarer. Dette alvoret har gjort at  EU og nasjonale styresmakter skjerpar krava om at vi må kaste mindre, bruke ting om att fleire gonger og i større grad gjenvinne råvarer som hamnar i avfallsdunken, heiter det i ei pressemelding frå dei tre avfalsselskapa VØR, SSR og ÅRIM.

På møtet på Sæbø orienterte dei daglege leiarane om sine selskap og kva dei ser på som framtidige utfordringar.

Knut Jørgen Bakkejord frå Trondheim kommune fortalde om det arbeidet som sju avfallsselskap i Midt-Norge har sett i gang med tanke på å få bygt eit felles anlegg for ettersortering av restavfall frå hushald (SESAM).

BILETE: Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR, Einar Heimdal, dagleg leiar i SSR, Per Oskar Slinning, teamleiar i Bingsa, Øystein Solevåg, dagleg leiar i ÅRIM og Irene Vik, direktør energigjenvinning i Tafjord Kraftvarme AS, drøfta felles utfordringar i avfallsbransjen på eit møte på Sæbø fredag.