Ulmatec har som kjent søkt Hareid kommune om oppstart av planarbeid. Dei vl fylle ut området dei held til på og knyte heile anlegget sitt til søre molofeste. Samstundes vil dei byggje nye kai-pirar som kan skjerme båtane som ligg der mot sjødrag frå nord og aust. Det er alt lage skisser for korleis dei kan tenkje seg området.

Fredag fekk ordførar Anders Riise overlevert ei underskriftsliste med 109 underskrifter mot planane. Motstandarane vil verne den siste fjøresanden i Hareid sentrum og heller ruste opp stranda så ho blir triveleg å bruke.

Saka var oppe i Hareid formannskap måndag, men etter framlegg frå Stian Runne Brandal (Arbeidarpartiet) vart saka samrøystes utsett i to veker.