Kleven Maritime har kjøpt ein russisk flytedokk.
Endret: 10.01.2012 kl. 14:03
Slepet av dokken starta førre fredag frå St. Petersburg til verftet Vistal i Gdynia, Polen, for sandblåsing, måling og lett ombygging. Slepet skal etter planen kome fram i dag klokka 13.30.
I april skal dokken vere på plass ved Kleven Maritime sitt verft i Gursken, Myklebust Verft. Slepet frå Polen til Gursken tek etter planen ca. sju dager.
– Dette er ei stor satsing frå vår side, seier administrerande direktør Ståle Rasmussen i Kleven Maritime til Teknisk Ukeblad.
Slepet frå St. Petersburg var planlagt å skje før jul, men stormar og uvêr utsette slepet.
– Det er ikkje akkurat eit skip. Vi var usikre på kor stabil og sjødyktig dokken var. Slepet av eit så stort og uhåndterleg objekt krev nøye planlegging og godt vêr, seier Rasmussen.
Flytedokken kostar rundt 60–70 millioner kroner.
